søndag 28. oktober 2012

Nissetid...

...her hjå meg no......berre ein månad til messe, og i år har eg vore so frimodig at eg har meldt meg på ein (kjempe-)stor julemarknad. Produsjonen bør vere på topp, sjølv om mangt anna må kome fyrst. Men eg er optimist...endå ei stund å gjere det på.
I dag har eg fri......og kosar meg med nisseprodusjon.

Håpar du har ein fin sundag, du òg!

Ps....som du ser, vinteren er komen. 

fredag 19. oktober 2012

Kjøper DU "juleblad"??

....eg meiner desse spennande, freistande, fine blada med allslags gode idèar, som står der og omtrent ropar til deg, at du bør ta dei med.........frå tidleg haust og mot jul.
Eg fell for freistinga rett som det er.....
Dvs i år har eg berre gjeve etter 2 gonger (so langt). Er slett ikkje alltid eg finn noko eg fell for, men ein veit aldri.......
Dersom dei står i butikkhylla uten plastomslag, snik eg meg til å blad  gjennom i fykande fart.Men er dei pakka i plast er det straks verre, då må ein liksom "ta sjangsen".
Det fyrste eg kjøpte var juleidèar frå Familien, finn alltid noko kjekt der.Hadde tenkt det skulle vere med det i år, men plutseleg dukka detta bladet opp.
Her får ein kika inn i huset til Irene og fam. som bur her i bygda.......og sjå korleis ho pyntar til jul.
Sjølvsagt MÅTTE eg ha dette bladet òg.....ser ikkje bort ifrå at det vert fleire slike freistingar  utover hausten.....

                    Korleis er det med deg? Let du deg freiste?

                                 God helg!

søndag 14. oktober 2012

60 år i dag!

 Ja, det nyttar ikkje å nekte for det......må berre innsjå fakta, eg er 60 år. Hadde eigentleg kvidd meg for dette , og var ikkje innstilt på noko feiring. Men då har andre i familien teke grep, planlagt, "bestilt" inn kokk,baka og styra. Og for ein fin kveld det vart i går, med familie og gode vener!
Masse blomehelsingar og gilde gåver........
 Mange i familien hadde slege seg saman om ei kjempegåve....jakke til Sunnfjordbunaden min....fantastisk!

                  Og i tillegg tur til Flor og Fjære i Stavanger.....
Må planlegge tur til Jølster for å ta mål til jakka.....og i  juni reiser bonden og eg  til Stavanger.....detta vert  kjekt!

torsdag 11. oktober 2012

Vestlandstreffet 2012

 Sist helg arrangerte Voss Quiltelag Vestlandstreffet...ei travel og triveleg helg, med føredrag, mange kurs og sosialt samvær. Her er nokon få bilder av kursprodukt........


Me er alt kome til torsdag.....i strålande fint haustvèr. 
Og Yr.no lovar at det skal bli slik i fleire dagar....det likar me.
Har mykje å styre med i dag, ventar mange på besøk i helga.......grunnen skal du få vite litt seinare.
                               Ha ei fin helg, du!!

fredag 5. oktober 2012

Ein laaang pause......

......vart det på bloggen min....4 mnd faktisk. Ikkje berre at eg har hatt pause sjølv, men besøk på andre bloggar har det òg vore minimalt med. Har verkeleg sakna det, og no satsar eg på å vere igang igjen.
Sommaren har gått (og litt av hausten  med). Avlinga er i hus og dei fleste sauene  er komne heim frå fjellet. Med andre ord: slik det skal vere på denne tida.
Denne helga er det Vestlandstreff for quiltedamer på Voss, og eg skal jobbe dugnad heile helga:)
                                     God helg til alle!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...