mandag 31. desember 2012

Takk for 2012!

 
Siste kvelden i året, ein kveld til ettertanke......
Etter å hatt fullt hus dei fyrste dagane  i jula, er det berre bonden og meg heime i kveld.
Ein roleg og fin kveld...pinnekjøtet er kome i panna og moltekremen klar.
Takk til alle som har vore innom bloggen min gjennom året, for alle koselege kommentarar og all inspirasjon.
Med dette  bildet av Tinka og Lussi ynskjer eg alle eit riktig godt nytt år!
 
 
Måtte alle vere like gode vener som desse to i året som kjem! :)
 

lørdag 15. desember 2012

Kaffinissen skal reise til Toten......

Gamleheksa var det som vann kaffinissen, og mandag skal den vere på veg over fjellet mot aust. Denne dama har eg møtt opptil fleire gonger (iallfall to), og eg kan forsikre: ho er hverken gammal eller heksete, iallfall det eg oppfatta :)
Tusen takk til alle som deltok, fantastisk: heile 76 pers.

 Etter jobb i kveld har eg pynta litt utfor døra...utenissane er kome på plass, eit minitre og litt lys.
I morgon har eg fri, og gler meg til julekonserten i kyrkja....etter den pleier julestemninga vere "på plass".
God sundag i vente!

onsdag 5. desember 2012

Ei nissegåve til deg...

Tradisjonen tru  vil eg gje bort ein "nisseting" til ei/ein av dei som er innom blogggen min i år òg. I år vert det ein kaffinisse......
 Det meste av nissane er "borte vekk" etter to helger på julemarknad........kjempekjekt!
Reglane er slik: 1 lodd for kommentar, 1 lodd om du vil følgje bloggen og 1 lodd om du linkar til dette på din blogg, maks 3 lodd.
Og har du ikkje blogg, kommenter gjerne (på bloggen) likevel og du er med i trekninga...(men kjekt om du skriv namnet ditt):)
For at den skal kome fram til  jul, må det bli kort frist: 15 desember.
Lukka te!!!
 

søndag 25. november 2012

Julemarknaden på Stend......

 Ei super messehelg er over.........og eg  sit her vel fornøgd. Masse positive tilbakemeldingar og godt salg har det vore.
Viser nokon bilder frå standen min. Mykje av dette har fått ein ny heim i løpet av helga.

 
Ha ei fin ny veke,folkens!
Her skal det ikkje vere messeproduksjon, men heller forsøk på å få litt orden i kaoset som rår i heimen :)
 

mandag 12. november 2012

Smalahòve.....

 
 Denne veka har det vore slakting på garden.......og med det fylgjer sviing av smalahòve. Eg er oppvaksen med flådde og turka hovud, men tradisjonen her er sviing og røyking.
 Før svidde ein sjølvsagt over åpen eld, men litt meir  moderne metodar er tekne i bruk...
 
   Ståle hjelper besten med skraping.......

No står det berre att
kløyving,reinsking,vatning,salting,røyking,vatning,koking...og SO er dei klare til å bli serverte.....det gler me oss til.

søndag 4. november 2012

Krumkake(-jern)-nissen


Alt ei veke sidan siste innlegg, slik er det i desse travle tider.........vil nett vise deko nyaste nissen.....krumkake(-jern)-nissen. Takkar hjarteleg for alle koselege kommentarar på forrige innlegg....kjem på besøk til deko når eg får litt betre tid.
                                God sundag vidare!

søndag 28. oktober 2012

Nissetid...

...her hjå meg no......berre ein månad til messe, og i år har eg vore so frimodig at eg har meldt meg på ein (kjempe-)stor julemarknad. Produsjonen bør vere på topp, sjølv om mangt anna må kome fyrst. Men eg er optimist...endå ei stund å gjere det på.
I dag har eg fri......og kosar meg med nisseprodusjon.

Håpar du har ein fin sundag, du òg!

Ps....som du ser, vinteren er komen. 

fredag 19. oktober 2012

Kjøper DU "juleblad"??

....eg meiner desse spennande, freistande, fine blada med allslags gode idèar, som står der og omtrent ropar til deg, at du bør ta dei med.........frå tidleg haust og mot jul.
Eg fell for freistinga rett som det er.....
Dvs i år har eg berre gjeve etter 2 gonger (so langt). Er slett ikkje alltid eg finn noko eg fell for, men ein veit aldri.......
Dersom dei står i butikkhylla uten plastomslag, snik eg meg til å blad  gjennom i fykande fart.Men er dei pakka i plast er det straks verre, då må ein liksom "ta sjangsen".
Det fyrste eg kjøpte var juleidèar frå Familien, finn alltid noko kjekt der.Hadde tenkt det skulle vere med det i år, men plutseleg dukka detta bladet opp.
Her får ein kika inn i huset til Irene og fam. som bur her i bygda.......og sjå korleis ho pyntar til jul.
Sjølvsagt MÅTTE eg ha dette bladet òg.....ser ikkje bort ifrå at det vert fleire slike freistingar  utover hausten.....

                    Korleis er det med deg? Let du deg freiste?

                                 God helg!

søndag 14. oktober 2012

60 år i dag!

 Ja, det nyttar ikkje å nekte for det......må berre innsjå fakta, eg er 60 år. Hadde eigentleg kvidd meg for dette , og var ikkje innstilt på noko feiring. Men då har andre i familien teke grep, planlagt, "bestilt" inn kokk,baka og styra. Og for ein fin kveld det vart i går, med familie og gode vener!
Masse blomehelsingar og gilde gåver........
 Mange i familien hadde slege seg saman om ei kjempegåve....jakke til Sunnfjordbunaden min....fantastisk!

                  Og i tillegg tur til Flor og Fjære i Stavanger.....
Må planlegge tur til Jølster for å ta mål til jakka.....og i  juni reiser bonden og eg  til Stavanger.....detta vert  kjekt!

torsdag 11. oktober 2012

Vestlandstreffet 2012

 Sist helg arrangerte Voss Quiltelag Vestlandstreffet...ei travel og triveleg helg, med føredrag, mange kurs og sosialt samvær. Her er nokon få bilder av kursprodukt........


Me er alt kome til torsdag.....i strålande fint haustvèr. 
Og Yr.no lovar at det skal bli slik i fleire dagar....det likar me.
Har mykje å styre med i dag, ventar mange på besøk i helga.......grunnen skal du få vite litt seinare.
                               Ha ei fin helg, du!!

fredag 5. oktober 2012

Ein laaang pause......

......vart det på bloggen min....4 mnd faktisk. Ikkje berre at eg har hatt pause sjølv, men besøk på andre bloggar har det òg vore minimalt med. Har verkeleg sakna det, og no satsar eg på å vere igang igjen.
Sommaren har gått (og litt av hausten  med). Avlinga er i hus og dei fleste sauene  er komne heim frå fjellet. Med andre ord: slik det skal vere på denne tida.
Denne helga er det Vestlandstreff for quiltedamer på Voss, og eg skal jobbe dugnad heile helga:)
                                     God helg til alle!

fredag 1. juni 2012

BOM (blogg-)STOPP

Akkurat slik  vart det.......bloggelysten har vore totalt fråverande....lenge. Og neimen om eg veit om den er tilbake heller.
Prøver iallfall med eit bitte lite livsteikn  i kveld......
Dei to søte harepusane kjøpte eg hjå Hagemiljø i Førde denne veka.
                                                      God helg til alle!

søndag 6. mai 2012

Vårleg idyll......

 ....i sol...og snøbyer. Slik har det vore her i dag.......gløtt av sol innimellom, men  òg  ganske heftige snø/haglbyer. Etter nærmare 20 grader dei fyrste dagane i veka, kom vinteren tilbake.
 Ein del av sauene og lamma er kome ut, og slike vinterlege vèrtilhøve set me lite pris på. Her, derimot,  er det sol og dei kosar seg......



                        God sundag i vente!

søndag 22. april 2012

Vestlandstreffet 2012.

Som mange sikkert allereie veit, skal Vestlandstreffet for quiltarar dette året vere på Voss. Her blir det kurs,utstilling, føredrag og mykje meir........
5.-7. oktober er helga, og me i quiltelaget har planlagt i "lange tider".
Håpar riktig mange vil ta turen til Voss denne helga......
Opplysningar og påmelding finn du på sida til Voss Quiltelag.
                                           Velkommen skal du vere!                              

lørdag 21. april 2012

Møkabønder....

 ...det er me.
 "Bondens gull", som det heiter,......må ut på bøane.
Min jobb er å "styre" med traktoren og gyllepumpa......
                                 .........blande og mikse......
                                Bonden har sprøytejobben......
...og vert det ein liten pause rekk eg gjerne nokon omgangar på eit nissetovetøflepar.
                  God helg, folkens.....det er vår....!

lørdag 14. april 2012

Våronn

 Fleire fine dagar denne veka gjorde til at  våronna kunne ta til........kjennest godt å kome "ut or hiet"......og ta fatt på utearbeidet.
For min del med å få "på plass" att  all sanden/grusen  som er brøytt utom vegen ilag med snøen i vinter.
Her det handemakt som gjeld.....skrape saman.....og bere opp att. Bonden føresler at eg kan skrape det lenger ned, fylle det i traktorskuffa og køyre det opp. Det har eg takka nei til (litt sta,kanskje?:) .....sabla god trim, detta!!
 Som sagt: Ein nydeleg vårdag i går......og i dag er vinteren tilbake......med innesyslar.
                              God helg til alle!

tirsdag 3. april 2012

God påske!

Med Tinka,Lussi og litt påskepynt utom døra,  ynskjer eg alle som er innom bloggen min ei retteleg god påskehelg!
Av ymse grunnar har blogginga mi lege på eit lavmål i det siste, men alt er vel......:)

torsdag 22. mars 2012

Kurs i Bergen i kveld.......

På...Quiltekroken
Det gler eg meg til.........er utruleg kjekt å lære nye ting. Og med mi supre (nesten) nye symaskin, er det fint å lære meg litt om alle moglegheitene som er med den.Visst er det litt "styr" med 1 times togtur og ein liten taxitur (tek ikkje sjangsen på å trille maskina på brusteinen i by'n, og den er tung som bly). Med det er verdt  kvar krone (og kvar time). Andre kurskvelden i kveld.......:)      


 
    

  Kurset: Sy stitchery med vanleg symaskin.  
 Sy stitchery med vanlig symaskin
3 torsdagskvelder i mars; først 8/3, deretter 22/3 og 29/3.

Kursleder: Mary Anne Ragnarsson
Les mer

tirsdag 13. mars 2012

Guterommmet skal pussast opp....

 Dette var skikkeleg flott syntest me, for sånn ca 15 år sidan. No er guten voksen, har fått større rom  og  dette vert brukt som gjesterom,og er  ikkje SO tøft til det bruket :).  Er (som du skjønar) ikkje den ivrigaste  på å pusse opp/måle, men no må det berre til......
 Det fyrste er sjølvsagt å få vekk den borda som går rundt nesten heile rommet........finst vel berre EIN måte å gjere det på: skrape, bløyte opp limen, skrape, bløyte, skrape......eller?  Har du eit godt råd ,so dette går lett som ein leik???
Puh....eg glad det ikkje er ein heil vegg (eller fleire) med tapet som skal vekk......
                            Ha det so bra!
 Tilføying:   Takk,Ruth....for det gode rådet. Det var det eg visste, at her kan ein få hjelp  til det meste.
Når eg tenkte meg skikkeleg godt om, kom eg på at ein slik dampvaskar har me ståande i kjellaren. Den har ikkje vore i bruk sidan førre hundreåret. No har den kome fram att....og det funkar.Eit par meter av borda er allereie vekke, men no må eg på jobb.
                                     Ha det igjen:)

søndag 11. mars 2012

Ganske crazy.....

 På møte i quiltelaget sist veke vart det vist fram eit fantastisk fint teppe........laga av berre restar i  crazy quilt.......uten noko spesielt mønster eller fargesamansetjing." Detta er noko for meg", tenkte eg.......tenk å berre dra fram litt stoff,sy, stryke ut.......ny strimmel, sy, stryke ut...........uten å tenkje (noko særleg) hverken på størrelse(breidde)...eller farge.
 Kom seint heim den kvelden, men MÅTTE berre prøve....og dermed vart det sying til utpå natta.... for detta var kjempekjekt. EIN ting har desse blokkene felles.....svart i midten. 4 blokker er ferdige.........planen er å lage eit teppe...... 
No har eg nett sett på  YouTube ........å hildrande du kor masse flott crazy quilt.
                                                    Her er masse å ta av......
Til helga er det årsmøte i Norsk Quilteforbund i Bergen, trur eg skal ta meg ein bytur på laurdag og sjå på utstillinga......og der skal visstnok  quiltebutikkar frå heile landet ha stand ............mange freistingar:):)
                          Ha ei fin veke alle!

lørdag 3. mars 2012

Sauene er klypte...........

 ....av ein "hengande" saueklyppar. Ein slik innretning har me ikkje sett før.......ein slags bøyle med eit "belte" under, som klypparen brukar.....er nok mindre belastning for ryggen med denne.
Som vanleg leiger me ein profesjonell klyppar, og denne gongen var det ein dyktig mann  frå Skottland som gjorde jobben.
Små og store  i familien stilte opp med "henting og bringing" av sauer, og sortering/pakking av ull,det heile var unnagjort på eit par timar.
I kveld inviterte me alle på pizza...som takk for god hjelp.
                     God sundag i vente!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...