lørdag 23. august 2008

Kaoskontroll 3.(og siste )akt.

Arbeidsrommet er so og sei ferdig "renovert". Manglar enno litt korger og div. til å oppbevare ting i, men ein tur på Ikea skal bøte på det. Det meste av jobben er gjort, og det kjennest vidunderleg godt! No veit eg kva eg har og her er plass til å få gjort noko...rommet er ikkje stort, so nokon " kosekrok" er her ikkje plass til. Her er hyller, hyller, hyller og ein stor, god arbeidsbenk. Måtte pynte litt i anledning "visning"...


Gardina er sydd av avlagt duk med nokon gjenstridige flekkar;..som heldigvis var berre på eine sida... gjenbruk likar eg..


Ein liten engel kikkar ned på meg....



Trolljenta må òg vere med..



Musikk til arbeidet, her er nokon av favorittane.


Biblioteket mitt...




Dette er stoff som eg har litt meir av...

Nylaga ruskepose m/nålepute.



Maskinavdelinga


Har sydd eit oppheng med plass til strikkepinnar og div. anna.

Det var det eg viser i dag. Meir vil komme etter kvart.....
Ynskjer alle ein fin sundagskveld, og ei god veke i vente!



onsdag 20. august 2008

Rulett-vegen


Å sykla E16
gjer ein berre på dagar
når ein søkjer spenning,
eller er lei av livet.
Johan Fjellby












God torsdag!

mandag 18. august 2008

Award x 3



Å, for ein strålande morgon......ja, det vart det i dag. For det fyrste var veret strålande, og det set ein verkeleg pris på. Etter frukost når dei andre var ute av huset, måtte eg nett lure meg til nokon minuttar med pc`en. Ikkje det at nokon seier noko på at eg gjer det, er vel meir samvitet som seier at eg bør gjere noko meir nyttig.. Og kva venta meg der? jau, ikkje mindre enn:

3 - tre awardar, alle frå Nikoline.
Tusen, tusen takk! Eg gledar meg stort over at eg vart ein av dei du valgde...


Må berre sei at den dagen eg begynte med blogging , hadde eg aldri tenkt at det skulle verte slik..for det fyrste: at det skulle verte so kjekt og interesannt, ein " møter" so mange kreative, dyktige og hyggelege menneske........og ikkje minst at eg skulle bruke so mykje tid på det...og har eg hatt mange hobbyprosjekt før, er det i alle fall ikkje vorte færre. Vert so utruleg inspirert, og får lyst å prøve "alt muleg". Men so var det noko med tida, vert mindre av den til "prosjekt", når eg sit so mykje med pcèn. Ikkje lett, detta..


Eg MÅ berre innom nokon gonger for dagen (når eg har tid ( merkeleg korleis ein klarar å "lage" seg litt tid))
Kanskje nokon av dei "faste" har oppdatert?.....eller kanskje der ligg ein ny kommentar til meg?

Når yngste son kallar mor si for ein "nettslave", so skulle vel det meste vere sagt..
Dette var alt for i dag...kjem tilbake til awardane.
God natt!

søndag 17. august 2008

Prinsessekake

Eit av borneborna feira 4-årsdagen sin i dag. Ein dag denne veka fekk eg den idèen at eg skulle lage ei prinsessekake til dagen, for dette er ei jente med sansen for "prinsesseting".. Utgangspunktet vart ei rullekake med syltetøy, fyllt med fromasj.



Litt "sparkling" med meir kake og fromasj...... for å få rett fasong.

Rosafarga marsipan.....





Ferdig pynta...,, mi fyrste prinsessekake....detta var kjekt!



Ha ei god og kreativ veke!

fredag 15. august 2008

Amerikapakke forts...

Mitt forrige innlegg var ikkje nett av det glade slaget. Stoffa eg fekk frå USA var nydelege, men vannskada under transporten til Norge. Fekk tips her i bloggen om å vaske dei med colour catching. Undersøkte fyrst eit par daglegvarebutikkar uten resultat. Neste forsøk vart fargehandel. Mannen bak disken klødde seg i hovet:"Har aldri høyrt om da. Må vere noko dei brukar bort i Amerika", var hans konklusjon. Men på ein ny butikk fann eg VANISH, som skulle vere ypperleg til flekkfjerning.

Har hatt mailkontakt med butikken i USA. Dei ville ha heile sendinga returnert. Skulle få att pengane, eventuelt nye stoff, MEN eg måtte betale portoen sjølv.

Bestemte meg for å prøve med Vanish, og det gjorde "susen". Etter 3 omgangar i vaskemaskina er dei nesten heilt fine..Berre på det eine kan eg sjå litt skjoldar.

Sjå desse fine rosestoffa:






Sidan frakta frå Norge til USA er omtrent dobbel so mykje som andre vegen, har eg bestemt meg for å behalde stoffa. Kan trass alt bruke det meste av dei...
Alt i alt kan ein vel sei at det enda bra..
Og prisen for desse: Ca kr 55.- pr meter (inkl porto) ....og dei har eit utvalg du kan misse pusten av...vert meir handel på Ebay for min del, det er heilt sikkert. Men kanskje eg må fylgje med på vermeldingane, og få stoffa sendt over Atlanteren i "godversperiodar"?

Hjarteleg takk for alle hyggelege kommentarar, det gjer meg so glad!!

Ha ei gild seinsommarhelg!

onsdag 13. august 2008

Amerikapakke

For ca to veker sidan bestilte eg stoff frå to forskjellige nettbutikkar i USA. Den fyrste pakken kom for ei veke sidan, ååå som eg har venta på den andre.. ..... I dag ringte bonden meg på jobb og sa: "Pakke til deg i dag, frå Amerika"....endeleg kom pakken. "Men den er våt!!!" "VÅT?" "Ja, den har nok vore gjennomvåt, men er pakka inn i plast og teipa igjen. (sjølvsagt so ikkje meir post skulle bli våt òg.) Og utanpå står det: Mottatt skadd frå utlandet.
Spent opna eg pakken, og vart frykteleg skuffa, dei finaste rosestoff du kan tenkja deg er våte og skjoldete, truleg har dei fått farge frå konvolutten dei er pakka i. Hm.. kvifor er dei våte? Har dei måtte symje over Atlanteren, eller kanskje det ikkje var plass i flyet, so dei hang på slep i regnver? Ein kan no berre spekulere...Kva gjer ein so?
Tenkjer på å sende ein mail til butikken med bilde av dei "triste" stoffa ( tek imot andre gode forslag)
Det spørs om eg får nye ...dei vil vel sei at: vi har ikkje sendt dei våte....kan sjølvsagt håpe at flekkane går vekk i vask òg.
I kveld skulle eg vise bilde av dei nydelege stoffa, i staden vart det lyng.
Fortsettelse følgjer.....

søndag 10. august 2008

Fjelltur.

Om sommaren vert det ein del turar til fjells for å sjå etter sauene, og ta med litt mjøl og salt til dei. Takka vere krafutbygging i området for 30-40 år sidan, er det laga vegar mange stader til fjells. Dermed kan me køyre eit stykkje før me må ta beina fatt.



Litt snø ligg enno att...

"Stovesteinen", heiter denne...fekk namnet for mange år sidan, fordi det går an å halde seg turr der om det regnar, iallfall ei stund.


Etter kvart som me nærma oss plassen der saltsteinen ligg, kom sauene strøymande. Ei strofe frå ein salme kom for meg:"De kommer fra øst og vest..."... gleda var iallfall stor både for folk og dyr.



Eit eksemplar av gammal norsk spelsau.


Fyrst må sauene få mjøl og salt, deretter må nista fram. Ingen ting smakar betre i fjellet enn skjeva med brunost og te på termosen. (og ein Kvikk Lunch attpå)

No kosar me oss!


Å kome til fjells og treffe sauene, det er kjekt, det..


Litt frå flòraen i fjellet:






























Utsikt frå "mjølogsalteplassen":
Mot vest:


Mot aust:


Mot nord:


Mot sør:

Dette er vårt fjellrike!

Tusen takk for turen, kjære bonde!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...