mandag 30. juni 2008

På handel

Har lenge tenkt at når berre feriepengane er på konto, då skal stofflageret mitt få eit aldri so lite påfyll. Og med meir stoff,må eg ha meir å oppbevare dei i...Kva var vel meir naturleg då, enn å tå turen til Jysk og Ikea? For billeg vil me ha det...Nokon gjennomsiktige plastkasser til oppbevare "sakene" i, må vere tingen, tenkte eg......


So til stoffkjøpet: det meste er ferdigpakka no for tida,ogso stoff. På Jysk gjekk det i "pakkar" på 5 meter. Men når prisen er slik at du syns det hadde vore billeg for 1 meter, då er valet lett.






Etter Jysk gjekk turen til Ikea. Vart slett ikkje skuffa der heller.......
Riktig so sommarslege desse.....
No skal det syast... var det så at ein kan søkje om å få fleire timar i døgnet? Neivel, så får me prøve å utnytte dei me har,då..... ( trur eg må nett klippe litt,eg)

lørdag 28. juni 2008

Messetur (igjen)

Tidleg i går morgon la me ut å tur til handverksmessa i Jondal. Litt skodde fyrst på turen, men det klarna opp og vart ein strålande dag. Fann det mest praktisk å setje bilen att i Tørvikbygd og ta ferja over. Vart berre ein spasertur på nokon hundre meter før og etter ferjeturen, og det har me no vel godt av? Og mange gjorde det nettopp på den måten, for reine folkevandringa var det mot messeområdet...


Me nærmar oss målet

Masse flott handverk var det å sjå, og sjølv om mykje av det har gått att i årevis, er det alltid noko nytt og spennande. Var spent på om mannen med englelysestakane ( frå Lærdalsmarknaden) var der,og jaudå: nesten den fyrste me oppdaga. Må ha hatt ei travel veke den mannen,for han hadde med seg mange "nye" ting...So fekk eg kjøpt lysestaken med blå englar til ei som ynskjer seg ein slik.. Utvalet av smykker var overveldande i år òg, både i glas,sølv,tre,perler,stein og gudane veit kva alle materialar som var tekne i bruk. Valet i år fall på dette hjarte i tre frå Nabben Brukskunst. Må alltid ha noko med heim når eg er på messe,og ganske ofte vert det smykker....kjekt å ha....


Etter nokon timar i trengsel og full av inspirasjon vende me nasen heimover att. .......apr det: karane som "stabla" bilar på den plassen me stod, hadde nok gjort ein "god jobb". Sidan me reiste ganske tidleg heim, var plassen aldeles full,og so tett parkert at det såg litt mørkt ut ei stund med tanke på å kome seg der ifrå. Om morgonen høyrde eg faktisk ein mann som spurde om å få sleppe å parkere so tett,kona hadde ikkje plass te å få opp døra!! I slike tilfelle undrar det ein ikkje om det vert bulka bilar..men,men, med litt god manøvrering gjekk det bra..me har då køyrt bil i snart .....år,må vete.. hm.. Neste messe:Kjerrintorget i Nesbyen siste helga i august. Då fèr me avgårde igjen..jippi!!!!!

onsdag 25. juni 2008

Kos

Oi, so var det eg som fekk denne utfordringa: Korleis kosar du deg? Og då må ein rett og slett til å tenkja etter... og når eg tenkjer på korleis eg kosar meg, tenkjer eg på det eg gledar meg over. Og det er masse,heldigvis...Kva eg kosar meg med er òg litt avhengig av årstid, men er vel naturleg å tenkje på det mest nærliggande på denne tida... Startar med hobbyane: når eg lagar nissar og troll ,då kosar eg meg. Det same når eg malar...og no i det siste:når eg syr på maskin.. I det heile teke når eg kan skapa noko.Har alltid drive med handarbeid og broderte min fyrste vesle duk då eg var fem år gamal. Handarbeid er koseleg.











Gjennom vinterhalvåret jobbar eg mykje kveld (og helg), og reiser på jobb før middag. Når eg då ein dag har fri og kan ha middag med mann og yngste son, og deretter sette meg i godstolen med pledd over meg, ta meg ein lur og vite at eg skal vere heime heile kvelden, då er det "luksuskos".
Ein ting som eg kosar meg meir og meir med er pc'en.Kjekt å lese om alle dei flinke,kreative der ute i bloggverda. Vert so utruleg inspirert av det... Inspirasjonen er nok på topp etter handverksmessa eg skal på til helga òg.Reiser saman med gode vener, og der vert koseleg.
Kunne nemnt mange fleire ting eg kosar meg over,bl.a når me får besøk, gjerne av born og barneborn. Det er koseleg...


Av og til høyrer ein uttrykket: "Likar å ta eit glas vin i godt selskap". jaudå,koseleg det... kan godt ta eit glas vin eller to berre i mitt eige selskap,eg. Kosar meg då òg....... og gjerne servert i dette vinkruset, kjøpt på Kjerringtorget for fleire år sidan.

Mi koooselege utfordring går til avadore. Korleis kosar du deg?

søndag 22. juni 2008

Lærdalstur

Denne aldeles nydelege lysestaken kjøpte eg i går på Lærdalsmarknaden. Tok ein tur med to gode veninner som òg er interessert i slike handlaga saker.



Jaja,var no ikkje berre handverk dei hadde å tilby,då... Gjekk forbi iallfall tre stand der dei tilbydde massasje! Kunne sikkert vore godt det, men sa høfleg nei takk. "Man sier ikke nei takk når man er på marked" sa damo og verka litt myndig der ho peikte på stolen eg skulle setje meg på. Me tusla vidare, og neste gong me kom forbi hadde ho jammen lukkast å få nokon i stolen. Ååå,lettelse..sikkert godt for dei begge...

Men mykje fint såg me og kjekt var det, trass i litt regn og vind. Vart ikkje so mykje handel,berre litt lefse og spekjepølse. Og so englane då..



Og neste laurdag vert det tur til Handverksmessa i Jondal. Gler meg stort...Og damer: då må me stå opp endå tidligare...

fredag 20. juni 2008

Strikketøymapper.

Har sydd nokon slike i det siste. Denne med høner på har eg sendt til systera mi, som er glad i å strikke og i tillegg har høner...har montert på ein karabinkrok, so den kan festast f.eks i ei beltestropp om ho vil gå ute og strikke..





Og denne fòr avgarde til utlandet.....til ei som òg strikkar mykje og har starta nettbutikk der ho sel produkta: woolaway

Alle mappene har ein skiljevegg med hol til tråden. Nøstet kan ligge i det vesle rommet.

Har fleire under arbeid, bl.a i dette fine kattestoffet.

mandag 16. juni 2008

Loppemarknad.

Laurdag gjekk loppemarknaden "vår" av stabelen. I år var det eg som tok imot telefon frå dei som ville gje frå seg ting og tang.. Mange hyggelege samtaler, og folk vart svært fornøgde når me kom på døra og henta det dei ville kvitte seg med. Dette må vera det ein kallar ein vinn-vinnsituasjon.


Klarde å sikra meg nokon ( i mine auger) godbetar, som dette syskrinet.
Dama som gav det,sa at det er over 90 år gammalt.




Ein fin, gammal brodert duk.



Og endå ein duk. Denne har litt applikasjon og innfelt hekling.Kjempefin!



Ei stor glasskål som kan vere god å ha til salat når me er mange rundt bordet


Må òg vise desse salt/pepparsetta som systra mi skal få. Kan godt hende ho allereie har dei,for samlinga hennar er på hundrevis av sett.



torsdag 12. juni 2008

Handlenett

Desse er sydd av stoff eg fann i restekorga til ein gardinbutikk.




Gjenbruk

Handlenett sydd av gammalt barnedynetrekk.





Fòra med anna brukt sengetøy. To lommer inni.

onsdag 11. juni 2008

Sydilla

Lysten til å sy på maskin har vore fråverande leeeenge. men plutseleg var den tilbake ein gong i vinter. Trur det heile starta ein dag på bytur. Fekk den idèen at eg skulle ta ein tur innom quiltehuset. Mykje freistande i hyllene der,ja. Fann blant anna mønster til desse pynteposane designa av AnnAka. Og med tillaga stoff med kaffimotiv vart freistinga for stor...

Har verkeleg kosa meg med å sy desse. Har sydd dei i ymse stoff og modellar. Praktiske er dei òg. .....




Nokon av dei brukar eg sjølv,nokon har eg gjeve bort og resten ligg framleis "på lager".




mandag 9. juni 2008

Sauene til fjells

I dag var det tid for å sende sauene til fjells, for å gjere seg feite (passeleg feite,also). Det er ein merkedag for oss. Å få flokken samla,går som ein leik med hjelp av gjetaren Teddy,som er superflink og elskar jobben sin.








Ein liten "dæsh" med sjukdomsførebyggjande stoff kan vere godt å ha i skrotten...



Skikkeleg oversikt må til....



Mjøltjuven:



Familiens sorte (brune) får:



Den gode hjelparen !



"Må nett kvile meg litt før me går..."


Ein utbrytar.......som vart henta inn att av bonden sjølv.

Då må de ha ein fin sommar i fjellet. Pass deko for bjørnen,reven,ørna og dei andre farane som lurer...me kjem snart til fjells,og lovar å ta med salt og andre godsaker...




God sommar!!

lørdag 7. juni 2008

Det fyrste innlegget

Hei.


No vil eg òg ut i den store,mangfaldige,spennande og kreative bloggverda.Med ei datakyndig (og tolmodig) dotter som læremeister skal det nok gå bra. Og kva er vel meir naturleg å starte med enn vèret,flott som det er..Den finaste mai i manns minne,seiest det..


Ypperleg klestørk,iallfall.



Men som vanleg har medaljen ei bakside. Brunsvidde bakkar er resultatet av den fine mai..Og mange stader der graset skulle stå grønt og frodig,er det lite og inkje å slå.Trur nok det nærmar seg katastrofe for mange bønder. So med fare for å verta sett på som gledesdrepar,håpar eg på regn,skikkeleg rotbløyte.




For kva skal desse to leve av til vinteren? jaja, hvis dei ikkje er vorte til pinnekjøt,då.




God helg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...